Vår kompetanse - din tryggleik

Optikarane våre har høg kompetanse innafor områda samsyn og synstrening, tørre auge, tilpassing av kontaktlinser og barn og syn. Vi set av god tid til synsundersøkinga og den vidare prosessen med å gje deg ei god synsoppleving.

berit-roppen.jpg

Berit Roppen

Berit kjem frå Flø i Ulstein og har over 20 års erfaring frå optikkbransjen. Ho har erfaring som sjukehusoptikar og har ei mastergrad i optometri frå UNSW i Australia, Berit tek jamleg kurs for å halde seg oppdatert på fag og instrument. Ho er difor godt rusta til å kunne undersøke auga dine grundig og gjere ei vurdering om kva tiltak som vil vere beste løysing for deg. Berit har ei spesiell interesse for samsyn og barn og syn.

tordis-lydersen.jpg

Tordis Nerem Lydersen

Tordis er oppvaksen i Spjelkavik med røter frå Herøy og Folkestad. Ho er ein erfaren optikar med snart 25 år i bransjen. Tordis tek jamleg kurs for å halde seg oppdatert på fag og instrument. Ho er difor godt rusta til å kunne undersøke auga dine grundig og gjere ei vurdering om kva tiltak som vil vere beste løysing for deg.

geir-lydersen.jpg

Geir Lydersen

Geir, Havblikk sin einaste mann, har 25 års erfaring som optikar. Han er oppvaksen i Mo i Rana, men har budd lenger på Sundgot i Ulstein. Geir tek jamleg kurs for å halde seg oppdatert på fag og instrument. Han er difor godt rusta til å kunne undersøke auga dine grundig  og gjere ei vurdering om kva tiltak som vil vere beste løysing for deg. Geir har ei spesiell interesse for tørre auger og aldersrelaterte endringar i netthinna.

 

 
 

Barn og unge

Godt syn er grunnleggande for å utvikle seg. Det er spesielt viktig å få klarheit i om barnet treng briller eller skjeglar så tidleg som mogleg. I mange tilfelle kan ei brille rette opp tilstanden. Born som slit med lesing og å oppfatte det ein les, kan ha samsynsvanskar. For å betre samsynet kan ein trene det opp med enkle øvingar, eller ein kan ha nytte av briller.

Les meir her →

Vaksne

Synet endrar seg gjennom livet. Mange som ikkje trengde briller i undomsåra kan ha nytte av briller seinare i livet. Enkelte oppgåver er spesielt krevjande for synet, mange kan ha nytte av ei brille av og til sjølv om ein ikkje nyttar den i det dagelege. Det finnast veldig mange ulike glastyper og du kan lese litt om det her.

Les meir her →

Godt vaksne

Dei fleste sjukdommar og tilstandar som rammar auga blir meir vanleg i høg alder. Det er difor viktig å undersøke auga sine med faste mellomrom. Dette gjeld uansett om du bruker briller eller ei.

Les meir her →

 

På tide å undersøke synet?

Synet endrar seg gjnnom livet og synet kan endre seg utan at du sjølv legg merke til det. Med ei synsundersøking kan ein optikar finne ut av synsfeil og avdekke augesjukdomar på eit tidleg stadium.
Ta vare på augehelsa di og bestill synsundersøking i dag.

Ved symptom på Corona er det viktig at du utset timen din.

Les om våre Coronatiltak her →

Optikarens hjørne

Verkstad

Tidlegare var optikaren handtverkar og laga det meste på brillene sjølve. Framleis utfører vi ein del verkstadarbeid her på Havblikk Optikk.

I dag har dei fleste ei reservebrille så ein kan bli hjelpt om den dagelege brilla di skulle forsvinne eller bli øydelagt. Men om uhellet er ute og brilla di er øydelagt og treng ein reperasjon kan vi hjelpe deg.

  • Innfatningar som knekk kan vi slipe om glasa i ei ny innfatning. Dette gjer for hand eller i slipemaskina vår.

  • Vi kan bestille inn ein ny orginaldel og bytte ut den øydelagde delen

  • Metallbriller som går av kan vi lodde saman.

  • Matte plastinnfatningar blir blanke og fine igjen dersom vi polerer dei oppatt.

Ei brille er oftast i bruk kvar dag og treng innimellom ein reins og ei etterjustering. Vi vil då stramme skruer, gje ei grundig reingjering i ultralydbad, bytte naseputer og strømper på stanga. Slitte og oppstripa glas kan vi diverre ikkje gjere noko med. Her må vi bestille nye glas, så ta godt vare på brilla di.

Alle som handlar briller hos oss får gratis service på brilla. Kom innom oss så ordnar vi det.

Vi optikarane på Havblikk er stolte av å føre handverksdelen av faget vårt vidare.