image.jpg

 

Kontaktlinser

I dag kan dei fleste bruke kontaktlinser. Linser kan hjelpe nærsynte, langsynte, dei med skeive hornhinner og langsynte på grunn av alder.

Nytilpassing av kontaktlinser inkluderer ei grundig synsundersøking, vurdering av prøvelinser, opplæring i bruk og handtering, utprøving av aktuelle linser og etterkontroll.

BESTILL NYTILPASSNING AV LINSER HER


Om ein er plaga med tørre auge er det mange som slit med komforten med kontaktlinser. Ofte ender ein opp med å bruke kontaktlinser i korte perioder av dagen. Om ein har store samsynsvanskar og har prismer i brillene treng ein vanlegvis å få korrigert synet med brilleglas. Det kan også vere vanskeleg å sjå like klart som med briller om du har veldig spesielle styrker. Snakk med ein av våre optikarar om kontaktlinser er eit godt alternativ for deg i kortare eller lengre delar av dagen.

Ulike typer av kontaktlinser

Eindagslinser

Eindagslinser blir kasta etter å ha blitt brukt ein gang. Dei skal ikkje nyttast når ein søv. Eindagslinser finst for nærsynte, langsynte, dei som har skeive hornhinner og alderslangsynte (presbyopi).

Månadslinser

Månadslinser og 14 dagarslinser skal ein ta ut om natta og reinse kvar kveld. Finst for alle synsbehov, og har eit større styrkeområde enn daglinser.

Døgnlinser

Døgnlinser er godkjende for å bruke opptil 30 dagar i strekk. Dette fordi linsematerialet er av silikon som slepp gjennom oksygen til auge. Ein slik bruk av linser gir ein vesentlig større fare for infeksjon og krev tett samarbeid med optikar. Mange bruker silikonlinser på dag tid og søv uten linsene.

Langtidslinser

Langtidslinser har ei levetid på 6 til 12 mnd. Skal takast ut og reinsast kvar kveld med spesielle reinsevesker. Blir spesialbestilt og har eit svært stort styrkeområde.

Harde linser

Harde linser kan i enkelte tilfeller gje betre skarpsyn enn mjuke linser. Skal takast ut kvar kveld og reinsast. Krev spesialtilpassing og har eit svært stort styrkeområde. Det kan ta litt tid å finne rette linsa og å bli vant med å bruke den.

Nattlinser/OrthoK

I løpet av natta omformar desse linsene hornhinna di på ein slik måte at du ser godt gjennom heile dagen uten briller eller kontaktlinser. Ei god løsning om du til dømes er plaga med tørre auge. Vi nyttar og denne løsninga for å bremse utvikling av nærsynthet. Drømmelinse er eit kjendt produktnamn på disse linsene.

Kontroll av kontaktlinser og auge

Å bruke linser gir ein høgre infeksjonsfare i augene enn om ein ikkje bruker linser.

Ved å kontrollere auga og linsene med jamnleg kan ein førebygge og unngå kontaktlinse relaterte vanskar. Vi anbefaler alle som bruker linser å kontrollere auga kvar 6. eller 12. mnd. Optikaren vil då finne ut om du kan fortsette med dei linsene du har eller du treng å endre styrke, linsetype eller reinseveske. Feil bruk eller dårleg hygiene gir auka risiko for skader på auga, nedsett syn og kan gje vanskar med å bruke kontaktlinser igjen.

BESTILL LINSEKONTROLL HER