Verkstaden vår: reparasjon av briller

Tidlegare var optikaren handtverkar og laga det meste på brillene sjølv.

Framleis utfører vi ein del verkstad arbeid her på Havblikk Optikk.

I løpet av ein dag er det mange som kjem inn i butikken med ei brille som ikkje sit godt på nasen eller er skjeiv på øyra. I dei fleste tilfella kan vi rette på brilla slik at kunden blir nøgd og ser godt igjen.

Om du verkeleg har vore uheldig har vi likevel ei råd:

  • Dersom ei stang er øydelagt kan vi som oftast finne ei reservestang

  • Dersom ei metallbrille går av kan vi lodde den saman.

  • Dersom ei innfatning blir knekt ender vi av og til med eit omslip av glasa. Dette kan vi gjere for hand eller i slipemaskina vår.

  • Matte plastinnfatningar blir blanke og fine igjen dersom vi polerer dei oppatt.

Alle som handlar briller med oss får service på brilla i brilla si levetid, dette kan vere etterjustering av brilletilpassninga, nye puter og oppstramming av skruar, eller ei grundig reingjering i Ultralydbad,

Vi optikarane på Havblikk er stolte av å føre handverksdelen av faget vårt vidare.

Forrige
Forrige

Solbrilletrend