Verkstaden vår: sliping av brille

Tidlegare var optikaren handtverkar og laga det meste på brillene sjølv.

Framleis utfører vi ein del verkstad arbeid her på Havblikk Optikk. Vi formsliper nesten alle brilleglas til kundane våre her i Ulsteinvik.



Oppmåling av størrelse og fasong.

Denne maskina les av størrelse og fasong på brilla, og sender fasongen vidare til slipemaskinen.


Sliping av brilleglass

Maskina les av tjukkelsen på brilleglasset og sliper det grovt. På ein finare slipestein blir det slipt ein fasetten på glasset. Det er fasetten gjer at glasset sit godt på plass i innfatninga.


Alle som handlar briller med oss får service på brilla i brilla si levetid. Dette kan vere etterjustering av brilletilpassninga, nye puter og oppstramming av skruar, eller ei grundig reingjering i Ultralydbad,

Vi optikarane på Havblikk er stolte av å føre handverksdelen av faget vårt vidare.

Forrige
Forrige

Endringar skjer

Neste
Neste

Brytningsfeil i auge