Synet endrar seg gjennom livet.

For unge er det lett å bytte fokus mellom langt og nært. Etterkvart endrar dette seg.

Kva type briller eller kontaktlinser som kan gjere kvardagen din lettare, er avhengig av kva du fyller dagane dine med. På ei synsundersøking kjem vi med forslag til løysingar for dine synsutfordringar. Enkelte treng briller heile tida, andre kan trenge briller til oppgåver er spesielt krevjande for synet og ha nytte av ei brille som ein bruker av og til.

Alle som jobber på Havblikk har lang erfaring med å gi råd om kvar briller og glasstype som passer deg best. Kom gjerne innom for å få råd med den brilla du har. Eller bestill ei synsundersøking for å få individuelle råd om kva løysing som er best for deg og synet ditt.

Allerede frå du er i 40 års alderen begynner optikaren å sjå etter augesjukdommar. Ein og annan gong henviser dei vidare til augelege. Les om augesjukdomar her.

Tørre auge er ein av dei vanlegaste grunnane til å bestille time hos optikar. Om du opplever at auget er tørt eller vått, om det svir eller klør, om det er på morgonen eller om kvelden problemet er verst, så fins det ei råd. Les meir om tørre auge her

Brilleglass finst i mange kvalitetar og prisklasser. Har du høge styrker eller ulik styrke mellom augene treng ofte eit meir skreddarsydd produkt for at glaset skal fungere godt, site godt i brilla og at det skal bli kosmetisk pent. Det skil seg veldig frå person til person kor lett det er å bli van med ei brille.

Nærbrille/Lesebriller: Dette er mange gonger den første brilla folk skaffer seg. Mange som ser godt på avstand kan likevel ha nytte av ei nærbrille med ei stor god optisk sone til nærarbeid. Mange som har ei progressivbrille i det daglige bruker ei nærbrille i når ein skal lese mykje, halde på med handarbeid, eller når ei skal lese på senga.

Briller med liten addisjon: Vi har stort sett alltid med oss ein skjerm i lomma. Mange blir sliten i augene av å sjå på denne. Ein svak pluss på nært vil for mange gi eit meir komfortabelt syn, difor har glasleverandørane utvikla slike glass. Optikaren vil gje deg råd om dette er noko som du kan ha nytte av.

Progressive briller: Progressive briller gir naturlig syn på alle avstandar med ei stor avstands sone og ei god lese sone. Dette er ein praktisk måte og bruke briller ved at ein slepp å ta brillerne av og på. Vi ser at ei brille som du kan ha på heile tida blir midre slitt og skada enn om brilla går mykje av og på. Når der er mange optiske soner ei eit brilleglass vil sonene bli smalare. Mange må difor ha eigne briller for å kunne ha gode arbeidstillingar om ein jobber mykje på nært eller mellomavstand.

Databriller: Mange av oss har lange dagar framfor skjerm. Dette er krevjande for synet og ei brille som er tilpassa avstanden framfor skjerm er ofte til god hjelp. Optikaren din gir deg råd om kva brille som vil vere den beste for deg. For enkelte er det best med einstyrke glass i avstandstyrken for langsynte, eller i ein svak lesestyrke. For andre er det betre med spesielle brilleglas laga for ein datarbeidsplass. Dersom du måler opp avstanden frå auge ditt og fram i skjermen før du kjem til oss er det lettare å finne den beste løysinga for deg. Ei progressiv brille vil gje ein unaturlig arbeisdstilling og er ikkje ei datarbeidsplassbrille. Les meir om datarbeidsplassbrille.

Bifokale: Her har delt brilleglaset med ei synleg linje. Over streken ser ein klart på avstand og under streken ser ein klart på nært. Sonene i ei bifokal brille er lette å finne då biletet gjer eit lite hopp når ein bytter fokus frå avstand til nært. Bifokale brille glass blir i dag mindre nytta enn tidligare. For enkelte barn med samsynsproblem vil ei bifokal brille gi dei beste samsynsforhalda.

Volum: Vil du ha ei enkel brille til ein rimeleg pris er Volum konseptet noko for deg. Her får du tilbod om enkle  briller som likevel er skreddarsydde. Utvalet av innfatningar er ikkje så stort, men vil passe for mange. Volum briller er ikkje ein del av privilegium programmet.

Fargeskiftande glas i blir mørke av UV lys og blir raskt mørke i dagslys. Når du du kjem inn tek det litt tid før dei blir lyse. Vanlege fargeskiftande glas vil ikkje bli særleg mørke inne i bil og kan trygt brukast ved køyring i tunnel.

Prøv brillene heime

Mange synest det kan vere vanskeleg å plukke ut brille i butikken. Hos oss kan du låne med deg eit utval innfatningar heim for prøving i ro og mak.