Lesebriller

Ei lesebrille kan ofte vere godt å ha..

Mange går uten briller til vanleg, men tek på lesebriller eller arbeidsbriller når ein skal sjå godt på nært. Enkelte har slike nærbriller i tillegg til den progressive brilla si.

Ei nærbrille gjer det enda meir komfortabelt å jobbe på nært. Dersom du er glad i brodere vil ei nærbrille som er spesielt tilpassa dette vere det beste.

Ferdigbriller med støypte glass og lik styrke på auga finn ein til sals mange stadar. Havblikk optikk har også slike briller for sal om du treng briller på dagen. Dette kan vere ei god brille å ha dersom ein held på med noko der det er lett å miste brilla. Det er ikkje skadeleg for auga å nytte slike briller, men skal ein sjå godt og komfortabelt over tid vil det vere betre å sjå med ei individuelt tilpassa nærbrille.

Forrige
Forrige

Er blått lys skadelig for auga?

Neste
Neste

Brillefin på Havblikk