Brytningsfeil i auge

Brytningsfeil i auget betyr av det du ser på ikkje treff heilt skarpt bak i auge.

 
 

Nærsynt/Myopi
Nærsynte, også kalla myope har godt syn på nært, men dårlig syn på avstand. Mange blir nærsynte i tenåra

Langsynt/Hypermetropi
Hypermertropi er den mest vanlege brytningsfeilen her i vesten. Mange som er svakt langsynte ser veldig godt på avstand, men blir slitne av å jobbe på nært. Dei med høgre styrkar vil ha problem med å sjå klart både på avstand og nært

Skeive hornhinner/Astigmatisme
Mange har astigmatisme i meir eller mindre grad i kombinasjon med hypermetropi eller myopi. Då har ein ulik styrke i ulike retningar. Ein ser da ikkje klart på avstand eller nært. Enkelte kan sjå dobbelt om ein ikkje blir retter opp brytningsfeilen med brille eller kontaktlinse

Alderslangsynt/Presbyope
Linsa inni auga våre kan zoome inn og ut alt etter kva ein ser på. Linsa blir stivare med åra og frå om lag 40 års alder treng vi ulik styrke på avstand og nært. Enkelte nærsynte går ned i styrke, medan mange langsynte går opp i styrke når dette inntreff.

Prismebriller
Auga våre blir styrt av 12 musklar som blir styrt av 3 hjernenervar. Dersom auga ikkje er heilt synkronisert blir det slitsamt å halde auga samla, eller ein kan sjå dobbelt. Då kan ein ha nytte av prismebriller. Ei prisme vil flytte bildet litt slik at det blir lettare å sjå klart og enkelt.

Forrige
Forrige

Verkstaden vår: sliping av brille

Neste
Neste

Tida flyg når…