Tørre auge

Tørre auge

Tørre auge er ein av dei vanlegaste grunnane til å bestille time hos optikar. Auget si overflate må ha eit tynnt lag av tårer for å unngå ubehag og synsforstyrring.

Tårefilmen er eit tynt væskelag av tårer som dekker heile auga og blir fornya kvar gong du blunker. Den fuktar og gir næring til overflata på auga. Tårefilmen er samansett av fleire lag som blir produsert ulike stadar i auga. Nærast auget er der eit tynt slimlag, i midten er det eit stort vasslag og ytst eit tynt oljelag. Vatnet blir laga av tårekjertelen som sit over og litt til sida for auget. Oljelaget ligg på toppen av tårene hindrar fordamping, den kjem frå kjertlar med utløp på våtranda i augeloka. Dårleg produksjon i ein eller fleire av desse kjertlane vil føre til redusert kvalitet eller kvantitet på tårefilmen. Resultatet er då tørre og såre/irriterte auge.

Tiltak

Når ein har funne årsak til at tårene dine ikkje fungerer optimalt kan vi komme med ulike råd om kva tiltak som passar for deg, til dømes:

  • Kunstig tårevæske: Tilførsel av kunstig tårevæske er det viktigaste tiltaket for å betre symptom på tørre auge. Der finst ei rekke ulike dropar. Vi råder alle til å bruke augedropar utan konserveringdmiddel sidan konserveringsmiddel kan irritere auga, spesielt om du bruker det mykje.

  • Augelokshygiene. Dagelig vask av augelok med ei mild såpe har ein gunstig effekt på tårefilmen.

  • Kosthald med mykje Omega 3 er sunnt for heile kroppen din og vil også kunne gje deg ein betre tårefilm.

  • Blephademodex er ein midd som ein ofte finn i hårrøtene til augevippene. Dersom det blir mange av denne midden kan det gje røde og såre auge. Vask av augelok og augevipper med eit spesiellt middel vil kunne lette plagene dine.

  • Dersom du har lite vatn i tårene dine kan vi plugge igjen tårekanalen med ein silikonplugg. Dette gjer at tårene held seg lenger i auga dine før dei blir drenert bort. Lite vatn kan kome av mange årsaker alder, medisinbruk og sjukdommmar er dei mest vanlege.

  • Varme og masasje av oljeproduserande kjertlar kan gje deg ein betre og meir stabil tårefilm.

  • IPL- lysbehandling. Dette er ei av dei nyare behandlingane. Denne er særs effektiv for dei som har dårlig kvalitet på tårene sine.

Bestill ein time for å undersøke tårekvaliteten din og få råd om kva tiltak som passer deg

Forrige
Forrige

Linser ved pollenallergi

Neste
Neste

Kan linser bremse nærsynt utviklinga?