Vår beste reklame er nøgde kundar.

Havblikk Optikk ynskjer å tilby kvalitet i alle ledd. Vi gjer vårt beste for at du skal vere nøgd.

Vi skal ta godt imot deg frå du kjem inn døra. Våre optikarar vil gi deg ei grundig undersøking av auga dine og gir deg råd om kva tiltak som vil hjelpe deg i din kvardag.

Havblikk Optikk

Havblikk Optikk vart skipa i august 2004 av dei fire eigarane Berit Roppen, Tordis Nerem Lydersen, Sølvi Moldskred og Geir Lydersen. Vi har vore lokalisert i det samme lokalet sidan starten. Havblikk Optikk er ei moderne optisk forretning med fagleg oppdaterte optikarar og butikkpersonell med lang erfaring .

På klinikken undersøker vi alle typer synsproblem og gir råd om kva tiltak som passer for den enkelte. Vi vurderer og behandlar tørre og rennande auge og vi tilpasser både vanlige og spesielle kontaktlinser. I butikken sel vi briller, solbriller, linser, linsevæske og augedråpar. På verkstaden reparerer vi briller og formsliper brilleglas.

Vi er ein del av c-optikk kjeda som er Norges største optikerkjede av lokaleigde butikkar. Kjedesamarbeidet gir oss tilgang til gode kvalitets produkt og gode priser som kjem kundane våre til gode.

Fagfolk gir tryggleik

Vi er heldig på Havblikk som har tre optikarar; Berit Roppen, Tordis Nerem Lydersen og Geir Lydersen. Dette skaper eit fagmiljø der vi speler kvarandre gode.

Alle optikarane har grunnutdanninga si frå Kongsberg, og tek jamleg kurs for å halde seg oppdatert på fag og instrument. Dei er difor godt rusta til å kunne undersøke auga dine grundig  og gjere ei vurdering om kva tiltak som vil vere beste løysing for deg. Alle har god kunnskap om ulike brilleløysingar, kontaktlinser, filterglas og hjelpemiddel. Dersom det er mistanke om unormale funn blir du tilvist til augelege.

berit-roppen.jpg

Berit Roppen

Berit kjem frå Flø i Ulstein og har over 20 års erfaring frå optikkbransjen. Ho har erfaring som sjukehusoptikar og har ei mastergrad i optometri frå UNSW i Australia, Berit tek jamleg kurs for å halde seg oppdatert på fag og instrument. Ho er difor godt rusta til å kunne undersøke auga dine grundig og gjere ei vurdering om kva tiltak som vil vere beste løysing for deg. Berit har ei spesiell interesse for samsyn og barn og syn.

tordis-lydersen.jpg

Tordis Nerem Lydersen

Tordis er oppvaksen i Spjelkavik med røter frå Herøy og Volda. Ho er ein erfaren optikar med snart 25 år i bransjen. Tordis tek jamleg kurs for å halde seg oppdatert på fag og instrument. Ho er difor godt rusta til å kunne undersøke auga dine grundig og gjere ei vurdering om kva tiltak som vil vere beste løysing for deg.

geir-lydersen.jpg

Geir Lydersen

Geir, Havblikk sin einaste mann, har 25 års erfaring som optikar. Han er oppvaksen i Mo i Rana, men har budd lenger på Sundgot i Ulstein. Geir tek jamleg kurs for å halde seg oppdatert på fag og instrument. Han er difor godt rusta til å kunne undersøke auga dine grundig  og gjere ei vurdering om kva tiltak som vil vere beste løysing for deg. Geir har ei spesiell interesse for tørre auger og aldersrelaterte endringar i netthinna.

 
solvi-moldskred.jpg

Sølvi Moldskred

Vår daglege leiar kjem frå Hareid og har kontroll på det meste som skjer innanfor dørene med oss. Ho er ein veteran i optikkbransjen med over 25 års fartstid. Sølvi gir seg ikkje før du som kunde er fornøgd både med innfatning og brilleglas. Sølvi skaper alltid god stemning med kollegaer og kundar.

jorun-skeide-bergseth.jpg

Jorun Skeide Bergseth

Jorun kjem frå Skeide og Dimnasund og har 30 års erfaring frå servicebransjen og over 10 års erfaring frå optikkbransjen. Med sin rolege veremåte, interesse for motar og trendar og sans for det vesle ekstra kan du føle deg trygg på at brilla ho hjelp deg å finne vil passe deg.