Er blått lys skadelig for auga?

I dag er det mange av oss som bruker mykje tid foran ein skjermar som PC, nettbrett eller mobil. Vi får mange spørsmål om det blå lyset frå desse skjermane. Kan det være skadeleg for auga våre eller ha innverknad på søvnen vår. Det korte svaret på dette er nei.

Rigmor Baraas er professor i optometri og synsvitenskap, ho referer til fleire publikasjonar om emnet og viser til at det blå lyset frå digitale skjermar har lav lysstyrke. Sjølv om ein ser på skjerm over mange timar er det ikkje skadeleg for netthinna. Lys frå skjerm har mykje lavare intensitet enn ein blå himmel har, som heller ikkje er lyssterk nok til å være skadeleg.

 Iføgje professor Baraas fins det heller ikkje prov for at blått lys frå skjerm har nokon innverknad på søvn. Studiar syner tvetydige resultat. Forskning syner at det truleg er den kjenslemessige påverknaden av det vi ser på, som gjer at ein ikkje får sove når ein har brukt mange timar foran skjerm på kveldstid.

 Nokon brukar resultat frå dyreforsøk som prov på at blått lys fører til skader på øynene og/eller forstyrrer døgnrytma. I desse forsøka blir dyr utsatt for sterkt lys over ei gitt tid, noko som er kjent skadeleg, men dei veit ikkje nødvendigvis kva som blir skada. Desse forsøka kan ikkje samanliknas med menneskets daglige omgevnader.

 Å bruke briller med blåfilter når ein bruker nettbrett, mobil eller PC vil, ifølgje uavhengig fagmiljø, ikkje ha anna effekt enn at du kan sjå betre og bli mindre anstrengd. Og då er det pga riktig brillestyrke.

 

Det å bruke brilleglas som tar bort ein del av det blåfiolette lyset kan opplevast som meir behageleg, og dermed kan dei som bruker brilla få ein mindre slitsom arbeidsdag.

Det blir forska mykje på kor stor effekt digitale skjermar har på synet og auga. Det er viktig med riktig brillestyrke og korte avbrekk frå nærarbeid for generell helse og søvn, ansett alder. Situsasjonen med Covid-19 er med på å gjere det ekstra aktuelt, då både arbeidsdagen og skuledagen har endra seg vesentlig for dei fleste av oss.

Les her

Forrige
Forrige

Progressive briller

Neste
Neste

Lesebriller