Born som har problem med lesing bør undersøke synet. Briller og synstrening kan hjelpe.

Born og syn

Optikarane her på Havblikk har lang erfaring med å undersøke augene til born. Vi tek ei full undersøking og gjev råd om tiltak som kan løyse problema til barnet ditt.

Born kan som vaksne vere langsynt, nærsynt, ha skjeve hornhinner eller ein kombinasjon av disse. Andre gonger har ikkje hjerna lært seg å bruke auga og musklane som styrer auga på rett måte. Synet kan vere grunnen til at barnet har til lese- og skrivevanskar sjølv om born som ser godt.

Typiske problem hos born med synsvanskar: teksta flyt saman, problem med linjeskift og hovudverk i panne. Bornet kan også ha vanskar med å forstå og hugse det ein har lest, hoppe over og bytte om på bokstavar, ofte er det lita leselyst og lesefart. Røde og irriterte auger der ein gnir seg i augene kan også vere eit teikn på vanskar med augene eller synet.

Synsvanskar kan løysast på ulike måter. Nokre kan løysast med briller eller kontaktlinser. Andre får hjelp med synstrening.

Dei fleste barn er fødde langsynte og vil gå ned i styrke når auga veks i størrelse og lengde dette er den naturlige utviklinga.

I tenåra er det ein del som blir nærsynte. For dei som går gjennom ei nærsynt utvikling i disse åra kan spesielle kontaktlinser bremse denne utviklinga. Les meir om Ortho-K linser her.

Innfatninger og glas til barn.

Vi har eit stort og godt utval av innfatningar til barn og vi har store krav til kvaliteten på barnebriller. Dei skal tåle leik, site godt på plass og sjå fine ut. Vi nytter berre styrkeglas i plastmateriale for at glasa ikkje skal knuse og for å redusere vekta. Naseputer i silikon materiale gjer at brillene sit godt på plass. Dersom delar på brilla blir øydelagt kan vi skaffe resevedelar i minimum to år.

NAV kan gje støtte til briller. Og dei har to ulike ordningar.

For born under 10 år kan NAV dekke deler av kostnadane til briller. Dette gjeld ved disse tilstandane:

  • Hypermetropi (pluss styrke) +4D eller meir

  • Anisometropi (forskjellig styrke mellom auga) med  1 dioptri eller meir.

  • Astigmatisme (cylinder, skjeiv hornhinne) med 1,50 dioptri eller meir.

  • Strabisme (skjegling, tropi)

Optikar eller augelege må dokumentere at bornet kjem innanfor regelverket.

For barn opp til 10 som ikkje kjem under dei første reglane, og for alle barn opp til dei er 18 år gamle har NAV ei anna ordning.

  • Brillestyrken må vere 1,00 eller meir eller astigmatisme (skjeiv hornhinne) -1,00 eller meir.

  • Barnet må vere folkeregistrert i Noreg

  • Det er maks ei brille i året på denne ordninga.


Kontaktlinser

Enklelte medisinske årsakar gjer at ein ikkje kan bruke briller. Då kan NAV av og til gje stønad til kontaktlinser. NAV gir stønad til både briller og kontaktlinser når det er medisinske årsaker der det er nødvendig for å kunne veksle mellom disse, eller nytte begge deler samtidig.

Dei same vilkåra som for briller og i tilegg kjem disse vilkåra:

  • Brytningsfeil lik eller over+6 dioptrier eller meir.

  • Anisometropi (differanse mellom auga) 3 dioptrier eller meir

Skal ungdomen ha moped, eller blir det første førerkortet til bil?

Les meir om synsundersøking for førerkort her

Prøv brillene heime

Mange synest det kan vere vanskeleg å plukke ut brille i butikken. Hos oss kan du låne med deg eit utval innfatningar heim for prøving i ro og mak.