Brillefin på Havblikk

..med blikk for detaljar..

Vi jaktar på den beste kvaliteten og dei aller siste brille nyheitene.

To gonger i året reiser vi på brillemesse for å handplukke sortimentet vårt. Der finn vi nytt frå dei store brilleleverandørane og nisje produkt frå små produsentar. Det blir også lagt vekt på kvalitet av materiale og at innfatninga har god passform og ikkje er veik.

Vi vel ut dei beste brillene og tek dei med oss heim til deg. Vanlegvis tek vi inn berre ei brille av kvar modell.

Når vi skal hjelpe deg med å finne rette briller til deg ser vi på fargane dine, ansiktsforma di og kva type person du er. Vi vektlegg og at innfatninga sit godt på deg og at den passar til styrken på glasa dine. Ofte kan der vere fleire gode alternativ. Då kan du låne med deg brillene heim og prøve dei i ro og mak slik at du blir trygg på valet du tek.

Kom gjerne innom for å sjå på det breie utvalet vårt av innfatningar.

Forrige
Forrige

Lesebriller

Neste
Neste

Linser ved pollenallergi