Ta vare på brillene dine

Med rett handtering og vedlikehald kan eit par briller ha lang levetid. Her finn du optikaren sine råd:

  • Kom til oss når du har behov for justering av brillene. Vi tilpassar dei til deg.

  •  Skyl brillene i rennande, lunka vatn-ikkje for varmt.

  • Reingjer med anbefalt reingjeringsmiddel og tørk med rein pusseklut.

  • Ta brillene av og på med begge hender.

  • Gni ikkje på brillene utan først å skylje bort harde partiklar.

  •  Oppbevar brillene i eige etui når dei ikkje er i bruk.

  •  Legg aldri brillene med glasa ned mot bordplater og liknande.

  •  Utsett ikkje brillene for sterk varme, som til dømes på dashbordet i bilen eller i badstue.

  •   Briller må handterast varsamt for å unngå riper eller øydeleggingar. Ikkje bend og bryt på dei sjølv.

  •  Hårstylingsprodukt som hårspray, kan gi misfarging av plastmateriale og øydelegge brilleglasa. Ta av brilla når du sprayer håret.

På Havblikk har vi brillespa, det er eit ultralyd bad som tek ein djup-reins av brillene dine. Kom innom så gjer vi dette utan kostnad, og utan at du treng å bestille tid for det.

Forrige
Forrige

Kan linser bremse nærsynt utviklinga?

Neste
Neste

Solbrilletrend