Progressiv brille

Du som har passert 40 år har kanskje merka at det blir vanskeleg å lese lita skrift, særleg om lyset er litt svakt. Dette er endringar i synet som skjer med alle og kallast presbyopi eller alderslangsynt.

Slik kan ein oppleve at synet endrar seg, både boka og kaffen blir uklar.

Slik kan ein oppleve at synet endrar seg, både boka og kaffen blir uklar.

Presbyope har ulik styrke på avstand og nært. kan du ha ei progressiv brille. Ei progressiv brille kan du ha på hele tida. Mange synes det er lettare enn å halde styr på enn å bytte mellom fleire ulike briller.

Fordelar:

  • Du treng ikkje å bytte briller i ulike situasjoner

  • Godt syn på alle avstandar

  • Praktisk i kvardagen

  • Brilleglass med fin utsjånad – tynne glass utan synleg delelinje

 

Kva er ei progressiv brille?

oppdeling-progressivt-brilleglass

Her er oppdelinga av eit progressivt brilleglas

Det er glasa som avgjer om det er ei progressiv brille. Den øvste delen av glaset har styrke tilpassa synet ditt på langt hald. Når du skal lese eller sjå på nært hald, har nedre del av glaset styrke tilpassa synet ditt på nært. Fra oppe til nede i glaset er det ei gradvis endring av styrke. Det gjer at du kan sjå klart på alle avstander.

 Progressive briller har avanserte glas, og det fins fleire ulike typar i ulike kvalitetar. Det gjeld både korleis dei er designa og produsert og i kva materiale dei er laga.

Dei mest moderne glasa er laga heilt individuelt for deg. Dei blir produsert etter mange ulike parameter, basert på målingar av synet ditt og korleis brilla sit i ansiktet ditt. Desse måla blir lagt med styrken på glasa som vi sender til produsenten av brilleglas.

Avanserte maskiner optimaliserer designet, så dei progressive brilleglassa dine blir så gode og behaglege som mogleg, skreddarsydde til deg.

Det er og viktig å bruke det materialet som passar best for deg og ditt syn. Vi ynskjer at du ikkje tenker på at du har på deg brilla. Det skal bli heilt naturleg for deg å se klart på alle avstandar.

 

Kva glas er best for meg?

Vi er alle ulike, også når det gjeld auge og syn. Progressive glas som passer bra for deg, er ikkje alltid dei same som er best for naboen din. Glas fins i mange kvalitetar og prisklassar, og har blitt forbedra over mange år. Vi på Havblikk Optikk hjelper deg å finne dei riktige glasa.

 

Har du høyrt om nokon som slit med å venne seg til progressive glas?

I progressive glas er det område som aldri gir heilt klart syn. Men vi har ein hjerne som tilpassar seg og «viskar over» dei uklare områda når vi har brilla på. Når du får progressiv brille fyrste gong, treng hjerna di litt tid på å venne seg til ho. Det same kan skje når du bytter progressiv brille. 

Det er ytterst få som ikkje blir nøyd med progressive glas. Difor byr vi på tilvenningsgaranti i 3 månader. Det gjer at du utan kostnad får byte til andre løsningar om du ikke er nøgd med dei progressive glassa.

 

Riktig glasval sikrar deg:

  • Enkel og rask tilvenning

  • Godt syn på lang avstand med lite støringar

  • Glidande og jevn overgong for å sjå på mellomavstand og til lesefelt

  • Eit bredt og behageleg lesefelt

Ei god progressiv brille startar med ein tur til Havblikk Optikk.