Sjukdom i auga


Grå stær / katarakt

Grå stær er ei normal aldersendring som gir uklart syn. Tilstanden kjem av at den klare augelinsa blir grå eller ugjennomsiktig. Dei fleste over 65 år har litt grå stær, men langt frå alle har plager med dette. Vanlegvis utviklar grå stær seg sakte etter kvart som vi vert eldre. Det første teiknet er at vi treng meir lys for å lese. Når den grå stæren blir verre, kan ein få tåkesyn, bli blenda i sterkt lys, få behov for endra brillestyrke og dobbeltsyn. Når plagene blir så store at livskvaliteten går ned, er det på tide med operasjon. Optikarar har gode rutinar for vurdering av grå stær og tilviser augelege for vidare vurdering og behandling om du har plager med grå stær.

Grøn stær/glaucom

Glaucom er ein sjukdom som skadar synsnerven i auget. Den vanlegaste grunnen til glaucom er auka trykk i auge, det høge trykket skader synsnerven og nervetrådane. Glaucom gir vanlegvis ingen symptom i tidlig fase, med rett behandling får dei fleste god kontroll på sjukdomen.

Det finst to hovudtypar av glaucom, openvinkla og trangvinkla glaucom (vinkelblokk glaucom).
Openvinkla glaucom er den vanlegaste, den utviklar seg gradvis og smertefritt, og skaden på sidesynet kjem snikande. Ubehandla gir denne typen grøn stær skader i synsfeltet, først i dei ytre områda. Mange med glaucom har ingen plager og det er difor vanselig å oppdage sjølv. Andre kan bli meir var for lys, få hovudverk og slitne auge.


Trangvinkla glaucom er sjeldant, det startar med tåkesyn og ubehag i auga og går over i smerter, raude auge og dårlig syn. Nokre kastar opp, får hodepine og andre kan sjå farga ringar rundt lys, spesielt i mørkret. Behandlinga bør starte i løpet av kort tid for å hindre varige synstap. Heldigvis er trangvinkla glaucom sjeldant.

Risikofaktorar for glaucom er mellom anna glaucom i nær familie, alder, redusert blodsirkulasjon, høgt blodtrykk, høg minus, røyking, diabetes, migrene og bruk av steroid.

Det finst gode behandlingar av glaucom. Det vanlegaste er å senke trykket i auge med augedråpar. Om trykket ikkje går langt nok ned, blir laser eller operasjon brukt. Det er viktig å oppdage glaucom i ein tidleg fase for å bremse utviklinga. Skadar på synsnerven ved glaucom er permanente.

I våre rutiner ved ei standard undersøking av synet gjer vi fleire målingar for å finne glaucom. Optikar tilviser til augelege om det er mistanke om glaucom.  

 

Aldersrelatert macula degenerasjon (AMD)(forkalkning)

Aldersrelatert macula degenerasjon (AMD) er ein sjukdom i den delen av netthinna der skarpsynet er. Av dei over 50 år som får sterk synshemming, er dette den vanlegaste årsaka. For lite næringsstoff til netthinna er truleg grunnen til AMD. Høgt eller lågt blodtrykk og røyking gir auka risiko for sjukdommen.

Det finst to typar AMD, tørr og våt. Den tørre er mest vanleg der synet blir gradvis svekka over lang tid. Først kan ein merke at skarpsynet og fargesynet blir svekka. Etter som tida går, kan det bli verre å lese og kjenne igjen andlet. Ein kan også få «tome flekkar» litt lengre ut i synsfeltet. Nokre vitaminar, antioksidantar og mineral kan bremse utviklinga av AMD. Av og til kan tørr AMD gå over i våt AMD.

Våt AMD er ein mykje meir aggressiv sjukdom og kjem stort sett midt i synsfeltet. På kort tid kan den gjere store skader på skarpsynet. Ved våt AMD kan ein å stoppe eller bremse utviklinga ved medisinere auge. Her er det viktig å starte behandlinga tidleg og den blir utført av augelege.

For å finne ut om ein kan ha AMD kan ein følge med synet sitt sjølv. Hald eit rutenett ca. 50 cm frå auga. Undersøk eit auge i gangen, dersom delar av rutenettet er krokete, forvrengt, tåkete eller på ein annan måte unormalt kan det vere AMD, og du bør då ta kontakt med optikar eller lege.

Havblikk Optikk har kamera som fotograferer augebotnen (retina), saman med ei OCT undersøking gir dette eit godt grunnlag til å vurdere AMD.

 

Diabetes retinopati (DR)

Diabetes retinopati er ein sjukdom i netthinna på grunn av diabetes. Diabetes er den viktigaste enkeltgrunnen til at personar mellom 20 og 65 i vestlege land heilt eller delvis misser synet.

Skaden på netthinna kjem dersom langtidsblodsukkeret er for høgt over lang tid. Til lenger ein har hatt diabetes, til større blir sjansen for å utvikle endringar i auga. Endringane på netthinna kjem gradvis, og det vanlege er at ein ikkje merker noko sjølv.

Behandling av DR skal hindre forverring. Laserbehandling og sprøyter i auget er vanlegaste behandlingane. Diabetes retinopati førebygger ein best ved eit stabilt og lågt langtidsblodsukker. Ein bør også unngå røyking, høgt kolesterol og triglyseridinnhald i blodet, høgt blodtrykk og protein i urinen. Alle med diabetes skal ha jamlege augeundersøkingar hos augelege. Om optikaren trur at du har DR, blir du tilvist augelege for vidare oppfølging.