Databriller

Langvarig jobbing framfor ein dataskjerm kan vere slitsomt. Prøv disse tiltaka for å unngå å få belastningsskadar og å bli sliten.

 

Skjerm
Hald dataskjermen din rein og støvfri, dette gir mindre blending frå skjermen. Ha ein god arbeidsavstand til skjermen så du får ei god sittestilling. Juster fargar, skriftstørrelse og kontraster på skjermen din for å gje deg best mogeleg komfort.

Tørre auge
Ved konsenteret jobbing på nært blunkar vi veldig mykje mindre enn elles. Dette gjer at mange blir plaga med uttørking på auga. På mange arbeidsplassar er lufta veldig tørr og dette forsterkar problemet med tørre auger. Blunk ofte og drypp med tårevæske jamleg dette gir mindre plager med tørre  og slitne auger.

20-20-20-20
Langvarig jobbing ved skjerm er eit statisk arbeid, ved å ta jamlege mikropausar på 20 sekund vil ein få mindre plager med augene. Regelen vi referer til: 20-20-20 er frå USA som reknar avstanden i feet: kvart 20 minutt, sjå opp frå skjermen i 20 sekund på 20 feet avstand og legg gjerne på 20 blunk

Databriller
Mange som klarar seg fint utan briller i daglege, kan ha nytte av ei brille når ein jobbar ved dataskjerm. Undersøk difor synet jamleg og ha ei oppdatert brille om du treng det. Mange har nytte av ei overflatebehandling som filtrerer bort det blå lyset frå skjermen slik at det ikkje kjem inni auga dine. Ta godt vare på brilleglasa då små striper vil forstyrre bildet.

Ei progressiv brille har ei veldig smal og kort sone i den avstanden som er til dataskjerm. Å bruke ei progressiv brille framfor skjerm gir ein unaturlig knekk på nakken som gir deg nakkeplager over tid. Ei progressiv brille er ikkje er datarbeidsplassbrille.

Mange personar over 40 kan ei ha nytte av brilleglass som er spesielt laga for å fungere optimalt framfor ein skjerm. Desse glassa har store gode soner for skjerm og anna nærarbeid,men er ikkje godkjendt for bilkøyring.

Les meir om datarbeidsplass glass frå Rodenstock her.

Databriller dekka av arbeidsgivar
Nesten alle av oss jobbar i dag ved skjerm, enkelte kan ha rett til å få dekka ei brille til bruk ved dataskjerm av arbeidsgivar.

Les meir om reglar rundt datarbeidsplassbriller her.