Slik handterer vi smittevern.
Vi føljer til ei kvar tid råda frå helsestyresmaktene.
Vi har heile tida oppdaterte rutinane slik at det skal vere trygt å kome til oss. I periodar med mykje smitte oppmodar vi alle om å sprite hender når dei kjem inni butikken, og har vi plassert sprit innanfor begge inngangane våre.
Om du ynskjer at vi skal nytte munnbind, sei frå på førehand så vil vi ha det på under besøket ditt.
I butikken
Vi har god plass i butikken så det er mogleg ha god avstand til andre kundar. Overflater blir reinsa jamleg.
Undersøking av synet
Vi er nøye med handvask og reinsing av instrument. Alle flater og utstyr du er i kontakt med blir reingjort.
Kva kan du gjere?
Utsett timen din hos oss dersom du har sjukdomsteikn som feber og infeksjonar i luftvegar.