Synsundersøking

Ei grundig synsundersøing må til med jamne mellomrom. Mange går alt for lenge mellom kvar gong dei undersøker synet.   

Ei synsundersøking omfattar meir enn å finne ut kva styrke du treng i brilla.
Vi anbefaler alle å undersøke auga hos optikaren regelmessig. Det gjeld også dei som ser bra. På ei synsundersøking kan ein finne ut av synsfeil og finne teikn på augesjukdommar på eit tidleg stadium. Synet kan endre seg utan at du sjølv legg merke til det, og det er viktig å ta vare på augehelsa di.

På ei synsundersøking undersøker vi skarpsynet med og utan brilleglas, på avstand og nært, undersøker samsynet ditt og ser på augehelsa di.

På Havblikk Optikk måler vi trykk på augene, ser på hornhinna og ser på augebotnen til alle rutinemessig. Om optikaren meiner du bør bli undersøkt av augelege vil du bli  henvist vidare til undersøking der.

Kor ofte bør ein ta ein synsundersøkelse?
Pasientar opp til 18 år utan behov for briller eller samsynsproblem - 2 år mellom kvar undersøkjelse.
Pasientar opp til 18 år med behov for briller eller  med samsynsproblem - 1 år mellom kvar undersøkjelse.
Pasientar mellom 18 og 40 år med og utan behov for briller feil eller samsynsproblem - 3 år mellom kvar undersøkjelse.
Pasientar mellom 40 og 65 år med og utan behov for briller  feil eller samsynsproblem - 2 år mellom kvar undersøkjelse.
Pasientar over 65 år med og utan behov for briller feil eller samsynsproblem - 1 år mellom kvar undersøkjelse.

Velkomen til oss på Havblikk 70 01 34 34, post@havblikk-optikk.no

Lat oss undersøke synet ditt.