Barn og syn

Har barnet ditt problem med synet eller lesing kan vi hjelpe både med å finne rette briller eller linser, og veilede i forhold til synstrening.

Gjennom mange år har vi fått mye erfaring med å se hvilke problem barn ha med synet sitt. Før vi gjev råd om kva løysning som er best tar vi ein full synsundersøking der vi ser på mange ulike ting som kan gje problem.

Nokre gonger er barnet langsynt, nærsynt, har skjeve hornhinner eller ein kombinasjon av desse. Andre gonger har ikkje hjernen lært seg å bruke augene og musklene rundt dei på ein rett måte.

Typiske problem eit barn kan ha som vi kan hjelpe med: Liten leselyst, redusert lesefart, hovudverk i panne, teksten flyt saman, problem med linjeskift, hoppar over og/eller byter bokstavar, vanskar med å skjøne og hugse det ein har lest.

Synsvanskar kan løysast på ulike måter. Nokre løysast med briller eller kontaktlinser. Andre ved bruk av synstrening. Sjølv om ein har inntrykk av at barnet ser bra, kan synet vere grunn til lese- og skrivevanskar.

Innfatninger til barn.

Vi har store krav til barnebriller. Dei skal tåle leik, ikkjen skli ned på nasen, være behagelige på og sjå fine ut. For at dei ikkje skal bli for tunge brukes plastglass. I naseputene nyttas silikon for at brillene skal sitte godt. Vi har eit stort og godt utval av innfatningar til barn.

Dekking av utgifter til briller og kontaktlinser.

I nokre tilfeller dekker NAV deler av kostnadane til briller og kontaktlinser. Dette gjeld barn som har minst ein av følgande synsfeil:

-anisometropi (forskjellig styrke mellom auga) med 2 ½ dioptri eller meir.

-astigmatisme (skjeiv hornhinne) med 2 ½ dioptri eller meir.

-strabisme (skjeling) - Som eit ledd i behandling av manifest strabisme eller latent strabisme meir enn 4 prismedioptriar i horisontalplanet eller 2 prismedioptriar i vertikalplanet.

For å få det godkjent hos NAV må barna til ein augelege.

Såfremt synsfeilen ikkje betrar seg kan dette gjelde fram til barnet er 18 år.

NAV dekker inntil 455,- av brilleinnfatninga og alle kostnadane til brilleglass og montering/tilpassing. Når brilla hentes hos oss må det som er over 455,- av det innfatninga kostar betalast til oss. Vi sender så rekninga til NAV på resten.